






Vetlomatte Undring Stor
Førehandssal · Venta levering i slutten av november
✓ Tosidig design – to uttrykk i éi matte
✓ Mjuk og komfortabel – 1,5 cm tjukk
✓ Uavhengig testa av SGS
Undring er ei mjuk, tosidig lekematte inspirert av nysgjerrigheit, fantasi og alle dei små eventyra som oppstår i leik. Når steinar blir skattar, skyer blir dyr og ei toglinje kan føre til heilt nye verder.
Med to ulike design får du ei lekematte som både inviterer til leik og passar fint inn i heimen. Snu lekematta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet.
LAGA FOR SMÅ OG STORE
Vetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg.
Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar.
Ho er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet.
SKOGSFERD
På den eine sida finn du Skogsferd, eit leikent landskap med svingete toglinjer, skog og detaljar som inviterer til utforsking. Her kan små bilar køyre gjennom skogen, figurar flytte inn og nye historier ta form.
Berre fantasien set grenser. Eit underlag som gir rom for både dei første små oppdagingane og fantasifull leik etter kvart som barnet veks.
STEINSTRØ
Snu matta, og du finn Steinstrø. Eit lyst og diskret mønster inspirert av små steinar og naturlege former. Dei mjuke fargetonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i stova, barnerommet eller andre rom der familien samlast.
For sjølv om leiken tek ein pause, treng ikkje matta å ryddast bort.
Storleik: 200 × 140 cm (Stor)
Tjukkleik: 1,5 cm
Materiale: TPU (termoplastisk polyuretan)
Design: Tosidig – to ulike mønster
Når det gjeld dei små, tek me ingen snarvegar.
Difor har me fått Vetlomatta testa av det uavhengige laboratoriet SGS. Matta har bestått dei aktuelle EN 71-testane og er i tillegg testa for ei rekkje uønskte stoff, mellom anna BPA, formaldehyd, formamid, ftalatar og utvalde PFAS-stoff.
Me ønskjer at du skal kjenne deg trygg på materiala barnet ditt leikar på.
Småbarnslivet byr på både leik, matrestar og litt søl. Heldigvis er Vetlomatta enkel å halde rein.
Tørk av matta med ein mjuk, fuktig klut ved behov. Følg vedlikehaldsrettleiinga som følgjer med produktet, slik at matta held seg fin lengst mogleg.
Velg alternativer






