Om oss
Hei!
Me er Linn og Ingvild, to småbarnsmødre, venninner og gründerane bak Vetlo.
Vetlo starta med noko ganske enkelt: eit ønske om å lage produkt som passar inn i småbarnslivet slik det er. Eit liv med leik på stovegolvet, leiker overalt, lite søvn, mykje kjærleik og eit heim som gjerne skal fungere for både små og store.
Det første me begynte å leite etter, var ei leikematte som både var god for barna å leike på og som me hadde lyst til å ha liggande framme og som kunne brukast til trening og aktivitet for oss vaksne. Då me ikkje fann heilt det me såg etter, bestemte me oss for å lage ho sjølve.
Sidan har Vetlo blitt til meir enn ei matte. Me ønskjer å lage produkt for småbarnslivet, med plass til både barna, heimen og dei vaksne midt oppi det heile.
Me utviklar Vetlo mellom Noreg og Australia, småbarnsliv, videosamtalar på rare tidspunkt og ganske mange rundar med «skal me berre prøve éin gong til?».
Og no er me endeleg klare til å vise fram det me har jobba med.
Vil du vita meir? Ta kontakt med oss då vel
Linn@vetlo.no
Ingvild@vetlo.no
