Spørsmål?
FAQ
Vi kan sende mattene våre til heile Noreg, og internasjonalt om nødvendig. Dersom postnummeret ikkje dekkjer med standard fraktleverandør, tar vi kontakt for å finne løysing saman med deg.
Normalt tek leveringar 4–7 arbeidsdagar etter at bestilling er registrert. Ved større avstand eller utanfor sentrale område kan det ta noko lenger tid.
Fraktkostnad blir rekna ut i handlekurven basert på adresse og fraktleverandør. Dersom du er i eit område med dyr frakt, informer vi deg ved utsjekk, og du kan kontakte kundeservice for alternativ.
Når ordren blir sendt får du tilsendt sporingsinfo. Dersom noko går galt eller du ikkje får sporingskode, tek du kontakt med kundeservice, så hjelper vi deg.
Tørk av matta med ein mjuk klut og varmt såpevatn. Unngå sterke reingjeringsmiddel, bleikemiddel, alkohol, oljar, skrubbebørste eller andre harde/ru overflater. Tørk godt før du rullar saman matta igjen.
Unngå skarpe, varme eller veldig harde gjenstandar direkte mot matta, dette kan skade overflata.
Ja, du kan returnere ubrukte matter i original tilstand innan 30 dagar for full refusjon (minus frakt). For internasjonale bestillingar må kunden sjølv ta kostnad for retur. Ved retur, ta kontakt med kundeservice for å avtale.
Ved produksjonsfeil eller fabrikasjonsfeil, innan 6 månader frå kjøpsdato, bytter vi matta gratis (inkludert frakt), så lenge den er kjøpt via oss og du har gyldig kvittering. Garantien gjeld ikkje skader som kjem av feil bruk eller manglande vedlikehald.
Nei, dessverre. For å sikre konsistent kvalitet og kort leveringstid, vert alle mattene produsert i faste design og mønster. I periodar kan det vere små variasjonar mellom produksjons-batchar (t.d. litt i farge eller lengde).
Nei, mattene våre er laga i TPU og er sertifiserte som ikkje-toksiske. Dei inneheld ikkje PVC, EVA-skum, ftalatar, tungmetall eller formamid. Testar (eksternt utført) viser at mattene oppfyller internasjonale sikkerheitsstandardar, og at det ikkje blir funne skadelige stoff etter testing. I motsetnad til gamle EVA- eller PVC-matter, luktar mattene ikkje sterkt og treng ikkje «lufteperiode», dei kan tas i bruk med ein gong. Finn oversikt over full sertifisering her
Du kan alltid sende e-post via «Kontakt oss»-sida på nettbutikken vår. Vi svarer så raskt vi kan, normalt innan få kvardagar. Du kan og ta kontakt med oss via sosiale medier.
- Vetlo-mattene er laga av TPU (termoplastisk polyuretan), ikkje PVC, EVA-skum eller andre plasttypar med potensielt skadelige stoff. Dette betyr at mattene er fri for BPA, ftalatar, tungmetall, formaldehyd/formamid og liknande.
- TPU-materalet er mjukt og støtdempande — godt for babyar som krabbar, rullar og tek sine første steg — og komfortabelt for foreldre som sit på golvet med barna.
- Mattene kjem som eit heilt stykke utan puslespillbrikker, noko som reduserer risikoen for at små delar løsner og blir lagt i munnen — betre for hygienisk og trygg leik.
Ja, det er ein av hovudfordelane med TPU:
- Overflata er vatn- og flekkavvisande, og kan tørkast over med ein fuktig klut og mild såpe. Det trengs ikkje sterke reingjeringsmiddel eller skurebørstar.
- Den samanhengande flaten utan puslespill-skjøter gjer matta lettare å reinhalde enn matter med mange delar
Ja, med fleire gode eigenskapar:
- TPU gir mjuk, polstra og støtdempande overflate, fint for både spedbarn og eldre barn.
- Mattene kan brukast gjennom fleire fasar av barndomen: magetid, kravling, leik, tumling — og vidare som leike- eller kviledel for større barn.
- Dei kan også fungere godt i kvardagsrommet — som ein del av interiøret. Moderne, roleg design og reversibel overflate kan gjere leikeplassen diskret og estetisk i ein familieheim.
- Vetlomatta kan og brukast til trening og bøying for dei vaksne.
- Tørk av med fuktig klut og mild såpe ved søl eller flekkar og unngå sterke kjemikaliar, bleikemiddel, alkohol, skuremiddel eller ru børste.
- Rull heller enn å brette matta ved oppbevaring, dette hjelper mot permanente merker eller skader. Det medfølger borrelåser for at vetlomatta kan rullast saman igjen.
- Unngå direkte sterk varme eller langvarig sollys, og unngå skarpe gjenstandar eller tunge møblar, det beskyttar både overflate og form. Unngå og at kjæledyr går på matta.
Ja Vetlomatta er allsidig:
- Perfekt for både baby, barn og foreldre: magetid, kravling, første steg, leik og trening.
- Like god for litt eldre born, leik med leiker, bygging, lesestund, kreativ lek.
- Kan også brukast av foreldre: sitte på golvet med barn, tøying/yoga, kreativ lek, eller som eit komfortabelt område i stova.
Ja! Vetlo-mattene kan enkelt rullast saman når dei ikkje er i bruk. For å gjere dette endå lettare kjem kvar matte med ei praktisk borrelåsreim som held matta fint samla.
Ja. Vetlo matta er CE merka, noko som betyr at ho oppfyller relevante europeiske krav til tryggleik, helse og miljø for denne typen produkt. Alle produkta våre er testa i samsvar med den europeiske tryggleiksstandarden EN 71 for leiketøy.
CE-merket skal vere synleg på produktet eller emballasjen. For å ta vare på kvaliteten og utsjånaden til matta, har vi valt å ikkje trykkje CE-merket direkte på produktet. Krava til storleik, avstand og utforming av merket ville påverka det ferdige designet.
Du finn derfor CE-merket tydeleg plassert på emballasjen
Ja, Vetlo-mattene er utvikla med tanke på tryggleik for dei minste. Dei er:
- 100 % frie for PVC, EVA-skum, BPA, ftalatar, tungmetall og andre skadelige stoff.
- Testa etter strenge standardar — tilsvarande det som krevst for barnematter og leiker.
- Myke, støddempande og trygge underlag for magetid, kravling, leik og dei første stega.
- Du finn oversikt og meir informasjon om sertifiseringer her