Hopp til innhold

Handlekurv

Handlekurven din er tom

Retningslinjer for angrerett

Angrerett

Du har 14 dagars angrerett når du handlar hos Vetlo. Angrefristen startar dagen etter at du har motteke vara.

Ønskjer du å bruke angreretten, må du gi oss beskjed innan fristen. Send ein e-post til hei@vetlo.no med ordrenummeret ditt og informasjon om kva du ønskjer å returnere. Du kan også bruke angrerettskjemaet du fekk i samband med kjøpet.

Når du har gitt oss beskjed om at du ønskjer å bruke angreretten, må vara sendast tilbake utan unødig opphald og seinast innan 14 dagar.

Kunden dekker dei direkte kostnadene ved retur. Me anbefaler at du sender returen med sporing og tek vare på kvitteringa til returen er ferdig behandla.

Returadresse

Vetlo AS
Brekkjen 12
5724 Stanghelle
Noreg

Tilstand på vara

Du kan undersøke vara på same måte som du ville gjort i ein fysisk butikk. Dersom vara er brukt eller handtert meir enn det som er nødvendig for å fastslå vara sin art, eigenskapar og funksjon, kan du bli ansvarleg for eventuell verdireduksjon.

Tilbakebetaling

Når du bruker angreretten, refunderer me betalinga me har motteke frå deg, inkludert kostnaden for vår rimelegaste standardlevering. Har du valt ein dyrare leveringsmetode, blir ikkje den ekstra kostnaden refundert.

Tilbakebetaling skjer utan unødig opphald og seinast 14 dagar etter at me fekk beskjed om at du ønskjer å bruke angreretten. Me kan halde tilbake tilbakebetalinga til me har fått vara i retur, eller du har dokumentert at ho er sendt tilbake.

Tilbakebetalinga blir gjort med same betalingsmåte som du brukte ved kjøpet, med mindre noko anna er avtalt.

Skadar, feil eller manglar

Har du motteke feil vare, eller er vara skadd eller har ein mangel, ta kontakt med oss på hei@vetlo.no så snart som mogleg. Legg gjerne ved bilete og ordrenummer, så hjelper me deg vidare.

Dette er ikkje det same som angrerett. Ved feil eller mangel på vara gjeld rettane dine etter forbrukarkjøpslova.

Spørsmål om retur?

Lurar du på noko rundt retur eller angrerett, er du alltid velkomen til å kontakte oss på hei@vetlo.no.