Hopp til innhold

Handlekurv

Handlekurven din er tom

Vilkår for bruk

KJØPSVILKÅR OG VILKÅR FOR BRUK

Sist oppdatert: 7. november 2026

Velkomen til Vetlo!

Nettbutikken vetlo.no drives av Vetlo AS. Disse vilkårene gjeld når du besøker nettstedet vårt eller kjøper produkter frå oss.

Ved å gjennomføre eit kjøp godtar du disse vilkårene. Vilkåra gjeld saman med opplysningene som blir gitt i nettbutikken og eventuelle særskilte avtalar mellom deg og Vetlo.  

Vilkårene begrenser ikkje rettighetene du har etter ufravikelig norsk forbrukerlovgivning.

1. SELJAR

Seljar er:

Vetlo AS
Organisasjonsnummer: 834 380 242
Adresse: Brekkjen 12, 5724 Stanghelle, Norge
E-post: hei@vetlo.no
Telefon: +47 415 36 515
Nettsted: vetlo.no

Kjøper er personen som foretar bestillingen i nettbutikken.

2. PRODUKTER OG INFORMASJON

Me gjer vårt beste for at produktbeskrivingar, bilete, prisar, mål, fargar og annan informasjon i nettbutikken skal vere så korrekt som mogleg.Fargar og utsjånad kan variere noko avhengig av skjerm, lysforhold og naturlege variasjonar i materiala. Mindre variasjonar som er naturlege for produktet eller materialet, blir ikkje nødvendigvis rekna som ein mangel.


Me tek atterhald om retten til å rette skrivefeil, prisfeil og annan openbert feilaktig informasjon.

3. PRISAR

Alle prisar i nettbutikken blir oppgitte i norske kroner (NOK).
Prisane som blir viste ved bestilling, er prisane som gjeld for kjøpet. Eventuelle fraktkostnader og andre kostnader vil gå fram før bestillinga blir fullført.
Kunden skal ikkje belastast kostnader som ikkje er opplyste før kjøpet.
Dersom Vetlo er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, vil oppgitte prisar inkludere meirverdiavgift der dette er påkravd.

4. BESTILLING OG AVTALE

Avtalen er bindande når du har sendt inn bestillinga og Vetlo har motteke henne.Du vil få ei ordrebekrefting på e-post etter at bestillinga er registrert.
Dersom det ligg føre ein openberr skrivefeil, prisfeil eller annan feil i nettbutikken eller bestillinga, og du forstod eller burde ha forstått at det låg føre ein feil, er ikkje den feilaktige opplysninga nødvendigvis bindande.
Me tek atterhald om retten til å kansellere ei bestilling dersom vara ikkje er tilgjengeleg, det ligg føre ein openberr feil, eller me av andre saklege grunnar ikkje kan gjennomføre bestillinga. Dersom betaling allereie er gjennomført, blir beløpet refundert.

5. BETALING

Tilgjengelege betalingsmåtar blir viste i kassen.
Betaling blir behandla gjennom betalingsleverandørane som til kvar tid er tilgjengelege i nettbutikken.
Ved kortbetaling kan beløpet reserverast når bestillinga blir gjennomført og belastast i samsvar med gjeldande reglar og vilkåra til betalingsleverandøren.
Vetlo lagrar ikkje fullstendige kortopplysningar.

6. LEVERING

Tilgjengelege leveringsalternativ og forventa leveringstid blir viste i nettbutikken eller i kassen.

Førehandssal:

Vetlo-matter som blir kjøpte i førehandssalet, har estimert levering i løpet av november 2026. Ved førehandssal kjøper og betaler du for vara før ho er klar for utsending.

Leveringstidspunktet er eit estimat. Det kan oppstå forseinkingar som følgje av produksjon, transport, fortolling eller andre forhold utanfor vår kontroll. Dersom det oppstår vesentlege endringar i forventa leveringstid, vil me informere deg så snart som mogleg.

Levering blir rekna som gjennomført når vara er motteken av deg eller ein person du har peika ut til å ta imot vara.

Ved forseinking gjeld rettane dine etter norsk forbrukarlovgiving. Du kan kontakte oss på hei@vetlo.no dersom du har spørsmål om levering.

7. FRAKT

Gjeldande fraktalternativ og prisar blir viste i kassen før kjøpet blir gjennomført.
Kunden er ansvarleg for å oppgi korrekt namn, leveringsadresse og kontaktinformasjon.
Dersom ein pakke blir returnert til Vetlo på grunn av feil adresse, manglande henting eller andre forhold kunden er ansvarleg for, kan kunden bli belasta rimelege kostnader knytte til ny utsending eller retur, så langt dette er tillate etter gjeldande lov.

8. ANGRERETT

Når du handlar på nett som forbrukar, har du som hovudregel 14 dagars angrerett i samsvar med angrerettlova.

Angrefristen startar normalt dagen etter at du mottek vara.

Dersom du ønskjer å nytte angreretten, må du gi oss tydeleg beskjed innan angrefristen. Du kan kontakte oss på hei@vetlo.no.

Du kan også bruke angrerettskjemaet du får i samband med kjøpet.

Etter at du har gitt beskjed om at du ønskjer å nytte angreretten, skal vara returnerast innan 14 dagar.

Med mindre noko anna er avtalt eller opplyst, dekkjer kunden dei direkte kostnadene ved retur når angreretten blir nytta.

Du kan undersøkje vara på same måte som du ville gjort i ein fysisk butikk. Dersom vara er handtert utover det som er nødvendig for å fastslå vara si art, eigenskapar og funksjon, og dette fører til ein verdireduksjon, kan Vetlo ha rett til å trekkje frå eit beløp som svarar til verdireduksjonen.

Når angreretten blir nytta på gyldig måte, refunderer me betalingane me har motteke i samsvar med angrerettlova. Tilbakebetaling skjer normalt med same betalingsmiddel som blei brukt ved kjøpet, med mindre noko anna blir avtalt.

Me kan halde tilbake tilbakebetalinga til me har motteke vara i retur eller du har dokumentert at vara er send tilbake, der lova tillèt dette.

Enkelte varer kan vere unnatekne angreretten etter angrerettlova, mellom anna varer som er laga etter kunden sine spesifikasjonar eller har fått eit tydeleg personleg preg.

9. RETUR OG BYTE

Dersom Vetlo tilbyr retur eller byte utover den lovbestemte angreretten, vil vilkåra for dette gå fram av returpolicyen vår.
Ei frivillig retur, eller byteordning avgrensar ikkje kunden sine lovbestemte rettar ved angrerett eller reklamasjon.

10. REKLAMASJON OG MANGLER

Dersom vara har ein feil eller mangel, kan du ha rettar etter forbrukarkjøpslova.

Ta kontakt med oss så snart som mogleg etter at du oppdagar feilen, på hei@vetlo.no. Oppgi gjerne ordrenummer og ei beskriving av problemet, og legg ved bilete dersom dette gjer det enklare å behandle saka.

Ved ein mangel kan kunden, avhengig av omstenda og vilkåra i lova, mellom anna ha rett til retting, omlevering, prisavslag, heving eller erstatning.

Den lovbestemte reklamasjonsfristen er normalt to år. For varer som ved vanleg bruk er meinte å vare vesentleg lenger enn to år, kan reklamasjonsfristen vere fem år.

Desse rettane gjeld uavhengig av eventuell garanti eller frivillig returordning frå Vetlo.

10 A. GARANTI

I tillegg til reklamasjonsretten du har etter forbrukarkjøpslova, byter me Vetlomatta gratis (inkludert frakt) ved produksjonsfeil som blir oppdaga innan 6 månader frå kjøpsdato. Garantien gjeld når matta er kjøpt hos oss og du har gyldig kvittering.

Garantien dekkjer ikkje skader frå kjæledyr, skarpe gjenstandar, feil bruk eller manglande vedlikehald. Garantien avgrensar ikkje dei lovbestemte rettane dine.

11. SKADE UNDER TRANSPORT

Dersom vara er skadd når du mottek henne, ber me deg kontakte oss så snart som mogleg på hei@vetlo.no.

Send gjerne bilete av vara, emballasjen og eventuell synleg transportskade saman med ordrenummeret ditt. Dette gjer det enklare for oss å behandle saka og eventuelt følgje henne opp med transportøren.

Dette avgrensar ikkje dei lovbestemte rettane dine.

12. PERSONVERN

Me behandlar personopplysningar som er nødvendige for å administrere bestillingar, betaling, levering, kundeservice og andre relevante tenester.
Nærare informasjon om korleis me samlar inn, bruker og vernar personopplysningar, finn du i personvernerklæringa vår.
Nettbutikken blir driven ved hjelp av Shopify, og enkelte personopplysningar kan derfor bli behandla av Shopify og andre leverandørar som er nødvendige for å levere nettbutikk-, betalings-, analyse- eller frakttenester.

13. MARKNADSFØRING

Me sender berre elektronisk marknadsføring når me har eit lovleg grunnlag for dette.

Dersom du har meldt deg på nyheitsbrev eller annan marknadsføring, kan du når som helst melde deg av via lenkja i meldinga eller kontakte oss på hei@vetlo.no.

14. IMMATERIELLE RETTAR

Innhald på vetlo.no, inkludert tekst, bilete, illustrasjonar, grafikk, logoar, produktdesign og anna materiale, kan vere verna av opphavsrett, varemerkerett eller andre immaterielle rettar.
Innhaldet kan ikkje kopierast, publiserast, distribuerast eller brukast kommersielt utan løyve frå Vetlo eller den aktuelle rettshavaren, med mindre slik bruk er tillaten etter lov.

15. BRUK AV NETTSIDA

Du skal ikkje bruke nettsida på ein måte som er ulovleg, skadeleg eller som kan påverke tryggleiken eller funksjonen til nettsida.
Det er mellom anna ikkje tillate å prøve å få uautorisert tilgang til nettsida, systema våre eller informasjonen til andre brukarar, spreie skadeleg programvare eller bruke nettsida til bedrageri eller anna ulovleg verksemd.
Me kan avgrense tilgangen til nettsida dersom dette er nødvendig av tryggleiks- eller tekniske årsaker.

16. EKSTERNE TJENESTER OG LENKJER

Nettsida kan innehalde lenkjer til eller funksjonar leverte av tredjepartar, til dømes betalingsleverandørar, transportørar og sosiale medium.
Slike tredjepartar kan ha eigne vilkår og personvernreglar.
Vetlo er ikkje ansvarleg for innhald eller tenester hos uavhengige tredjepartar, med mindre ansvar følgjer av ufråvikeleg lov.

17. ANSVAR

Vetlo er ansvarleg overfor kunden i den utstrekning dette følgjer av gjeldande norsk lov.
Ingenting i desse vilkåra skal tolkast som ei avgrensing av rettar ein forbrukar har etter ufråvikeleg lovgiving.
Vetlo er ikkje ansvarleg for tap som skuldast forhold utanfor vår rimelege kontroll, med mindre noko anna følgjer av ufråvikeleg lov.

18. FORCE MAJEURE

Dersom gjennomføringa av avtalen blir hindra eller vesentleg vanskeleggjord av forhold utanfor vår rimelege kontroll, til dømes naturkatastrofar, krig, streik, myndigheitstiltak, alvorlege driftsforstyrringar eller andre ekstraordinære hendingar, kan pliktene våre bli utsette så langt dette følgjer av gjeldande lov.
Me vil så langt det er praktisk mogleg informere kundar som blir påverka dersom ein slik situasjon påverkar ei bestilling.

19. ENDRINGAR I VILKÅRA

Me kan oppdatere desse vilkåra når det er nødvendig, til dømes som følgje av endringar i tenestene våre eller gjeldande regelverk.
Den nyaste versjonen vil vere tilgjengeleg på vetlo.no.
Endringar påverkar normalt ikkje kjøpsavtalar som allereie er inngåtte, med mindre dette følgjer av lov eller er særskilt avtalt.

20. LOVVAL

Desse vilkåra og kjøp gjennom vetlo.no er regulerte av norsk rett.
Dette avgrensar ikkje ufråvikelege rettar ein forbrukar har etter gjeldande lovgiving.

21. KLAGER OG TVISTELØYSING

Dersom du har ei klage, ber me deg først kontakte oss på hei@vetlo.no, slik at me kan prøve å finne ei løysing.

Dersom me ikkje blir einige, kan saka bringast inn for relevante offentlege klage- og tvisteløysingsorgan i samsvar med gjeldande norsk regelverk.

Tvistar skal elles behandlast etter norsk rett av kompetent norsk domstol.

22. KONTAKTINFORMASJON

Har du spørsmål om bestillinga di, produkta våre eller desse vilkåra, er du alltid velkomen til å kontakte oss.

Vetlo AS
Organisasjonsnummer: 834 380 242
Brekkjen 12
5724 Stanghelle
Norge

E-post: hei@vetlo.no
Telefon: +47 415 36 515
Nettsted: vetlo.no