


Kvilekort til slitne foreldre
Førehandssal · Venta levering i starten av desember
✓ 50 dikt skrivne av BerreKristin
✓ Dikt som treffer foreldrelivet, kvardagen og alt det krevjande og litt kaotiske midt imellom
✓ Inkluderer korthaldar slik at favoritten kan få stå framme
Det er rart med foreldrelivet. Korleis ein kan elske nokon så høgt, og samtidig lengte etter fem minutt heilt for seg sjølv. Korleis dagane kan kjennast uendeleg lange, medan åra går altfor fort.
Kvilekort til slitne foreldre er ei lita eske med 50 dikt som set ord på nettopp dette. Laga av Vetlo i samarbeid med BerreKristin, som med varme, ærlegdom og ein god dose humor skildrar alt det fine, slitsame og tidvis kaotiske ved å vere forelder.
Nokre av dikta får deg kanskje til å smile. Andre treff midt i det dårlege samvitet, eller minner deg på noko du eigentleg veit, men lett gløymer i ein travel kvardag. At det er lov å vere sliten. At ein ikkje treng å nyte kvart einaste sekund. Og at ein kan vere ein god forelder, sjølv på dagar der tolmodet er brukt opp lenge før leggetid.
Trekk eit kort når du treng ei lita påminning, eller la eit av dikta stå framme som nokre ord å ta med seg gjennom dagen.
Kvilekorta er òg ei fin og personleg gåve til ein småbarnsforelder, ei nybakt mamma eller pappa, eller nokon du er glad i. Ei lita eske som seier: Eg ser deg. Og du er ikkje åleine om å ha det slik. 🤎
For foreldrelivet er fullt av kjærleik. Men det er heldigvis plass til alle dei andre kjenslene òg.
Produktinformasjon
- Innhald: 50 kort med ulike dikt om foreldrelivet
- Tekst: Skrivne av BerreKristin
- Samarbeid: Utvikla av Vetlo og BerreKristin
- Storleik på eska: Ca. 17 × 10 × 3 cm
- Pris: 399 kr
- Levering: Førehandsbestilling med venta levering i starten av desember 2026, i god tid før jul
Ei omtankeleg gåve til foreldre i alle fasar, eller ei lita oppmuntring til deg sjølv.
Velg alternativer


