Hopp til innhold

Handlekurv

Handlekurven din er tom

Sikkerhet er viktig for oss

Vetlomatta er laga for livet på golvet, for små hender og føter, bare tær, leik, kvile og alt det andre som skjer gjennom ein heilt vanleg dag. Derfor har det vore viktig for oss heilt frå starten å vite kva matta faktisk inneheld.

Vetlomatta er testa av SGS, eit uavhengig internasjonalt testlaboratorium, for både fysisk tryggleik, brennbarheit og ei rekkje kjemiske stoff. Du finn du den fullstendige SGS-rapporten lenger nede på sida.

Grundig testa

Vetlomatta er testa etter relevante europeiske standardar og for ei brei rekke stoff som me ikkje ønskjer i ei matte barna våre skal leike på.

Testinga omfattar:

  • ✓ EN 71-1 – fysisk og mekanisk tryggleik
  • ✓ EN 71-2 – brennbarheit
  • ✓ EN 71-3 – migrasjon av grunnstoff
  • ✓ PFAS
  • ✓ Ftalatar
  • ✓ Formamid
  • ✓ Formaldehyd
  • ✓ PAH
  • ✓ Tungmetall, mellom anna bly, kadmium, arsen og krom VI
  • ✓ Toluen ✓ NP/NPEO
  • ✓ Flammehemmarar, mellom anna PBB, PBDE, TRIS og TEPA
  • ✓ BPA

Vetlomatta er i tillegg CE-merkt.

Kvifor er dette viktig for oss?

Vetlomatta er laga for å bli brukt mykje. Babyar ligg på henne. Barn krabbar, leikar og tumlar på henne. Me sit på henne, trenar på henne og samlar familien på henne. Då meiner me det er heilt naturleg å stille høge krav til materiala ho er laga av. 

For oss handlar tryggleik derfor ikkje berre om å velje gode materialar, men om å teste og dokumentere dei. Sjå dokumentasjonen Me ønskjer å vere opne om testane Vetlomatta har vore gjennom. Derfor kan du lese rapporten sjølv og sjå både kva som er testa og resultata frå testane.

Sjå rapporten