






Vetlomatte Lune Stor
Inspirert jord, stein og rolege naturtonar
Lune er ei mjuk, tosidig lekematte for deg som ønskjer eit rolegare uttrykk i heimen. Fargane er dempa, linjene mjuke og uttrykket enkelt, laga for å gli fint inn i stova, utan at matta kjennest som eit typisk barneprodukt. Snu matta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet.
Steinstrø
Eit lyst og diskret mønster inspirert av små steinar og naturlege former. Dei mjuke fargetonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i stova, barnerommet eller andre rom der familien samlast.
Jordspor
På den andre sida finn du Jordspor, eit roleg og organisk mønster inspirert av norsk landskap, bølgjande terreng og spora naturen set etter seg. Dei mjuke linjene og dempa jordtonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i heimen.
Laga for små og store
Vetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg. Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar.
Ho er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til litt tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet.
Produktinformasjon
Design Lune. Steinstrø på den eine sida og Jordspor på den andre.
Materiale: TPU (termoplastisk polyuretan).
Storleik: 200 × 140 cm
Bruksområde: Lekematte, babymatte, leikeunderlag og aktivitetsmatte.
Eigenskapar: Mjuk, dempande og komfortabel overflate.
Vedlikehald: Tørkast enkelt av med ein fuktig klut.
Forhåndssal. Levering i slutten av november.
Velg alternativer






