




Vetlomatte Lune Medium
Førehandssal · Venta levering i slutten av november
✓ Tosidig design – to uttrykk i éi matte
✓ Mjuk og komfortabel – 1,5 cm tjukk
✓ Uavhengig testa av SGS
INSPIRERT AV JORD, STEIN OG ROLEGE NATURTONAR
Lune er ei mjuk, tosidig lekematte for deg som ønskjer eit rolegare uttrykk i heimen. Fargane er dempa, linjene mjuke og uttrykket enkelt, laga for å gli fint inn i stova utan at matta kjennest som eit typisk barneprodukt.
Med to ulike design får du ei lekematte som passar fint inn i heimen og gir ein mjuk og komfortabel plass for leik og familietid på golvet. Snu matta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet.
LAGA FOR SMÅ OG STORE
Vetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg.
Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar.
Ho er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet.
STEINSTRØ
På den eine sida finn du Steinstrø, eit lyst og diskret mønster inspirert av små steinar og naturlege former. Dei mjuke fargetonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i stova, barnerommet eller andre rom der familien samlast.
JORDSPOR
På den andre sida finn du Jordspor, eit roleg og organisk mønster inspirert av norsk landskap, bølgjande terreng og spora naturen set etter seg. Dei mjuke linjene og dempa jordtonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i heimen.
Storleik: 100 × 140 cm (Medium)
Tjukkleik: 1,5 cm
Materiale: TPU (termoplastisk polyuretan)
Design: Tosidig – to ulike mønster
Når det gjeld dei små, tek me ingen snarvegar.
Difor har me fått Vetlomatta testa av det uavhengige laboratoriet SGS. Matta har bestått dei aktuelle EN 71-testane og er i tillegg testa for ei rekkje uønskte stoff, mellom anna BPA, formaldehyd, formamid, ftalatar og utvalde PFAS-stoff.
Me ønskjer at du skal kjenne deg trygg på materiala barnet ditt leikar på.
Småbarnslivet byr på både leik, matrestar og litt søl. Heldigvis er Vetlomatta enkel å halde rein.
Tørk av matta med ein mjuk, fuktig klut ved behov. Følg vedlikehaldsrettleiinga som følgjer med produktet, slik at matta held seg fin lengst mogleg.
Velg alternativer




