






Vetlomatte Undring Medium
For små oppdagarar med store tankar.
Undring er ei mjuk, tosidig lekematte inspirert av nysgjerrigheit, fantasi og alle dei små eventyra som oppstår i leik. Når steinar blir skattar, skyer blir dyr og ei toglinje kan føre til heilt nye verdener.
Med to ulike design får du ei lekematte som både inviterer til leik og passar fint inn i heimen. Snu lekematta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet.
Skogsferd
På den eine sida finn du Skogsferd, eit leikent landskap med svingete toglinjar, skog og detaljar som inviterer til utforsking. Her kan små bilar køyre gjennom skogen, figurar flytte inn og nye historier ta form. Berre fantasien set grenser. Eit underlag som gir rom for både dei første små oppdagingane og fantasifull leik etter kvart som barnet veks.
Steinstrø
Snu matta, og du finn Steinstrø. Eit lyst og diskret mønster inspirert av små steinar og naturlege former. Dei mjuke fargetonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i stova, barnerommet eller andre rom der familien samlast. For sjølv om leiken tek ein pause, treng ikkje matta å ryddast bort.
Laga for små og store.
Vetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg. Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar.
Ho er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til litt tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet.
Produktinformasjon
Design Undring. Skogsferd på den eine sida og Steinstrø på den andre.
Materiale: TPU (termoplastisk polyuretan).
Storleik: 100 × 140 cm
Bruksområde: Lekematte, babymatte, leikeunderlag og aktivitetsmatte.
Eigenskapar: Mjuk, dempande og komfortabel overflate.
Vedlikehald: Tørkast enkelt av med ein fuktig klut.
Forhåndssal. Levering i slutten av november.
Velg alternativer






