Hopp til innhold

Handlekurv

Handlekurven din er tom

Vetlomatte Kvile Stor

Salgspris2.150,00 kr

Inspirert av naturens eigne spor.

Kvile er inspirert av naturlege formar. Med to ulike design får du ei lekematte som både inviterer til fantasifull leik og som passar fint inn i heimen. Snu matta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet.

Jordspor

På den eine sida finn du Jordspor, eit roleg og organisk mønster inspirert av norsk landskap, bølgjande terreng og spora naturen set etter seg. Dei mjuke linjene og dempa jordtonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i heimen.

Skogsferd

På den andre sida finn du Skogsferd, eit leikent landskap med svingete toglinjar, skog og detaljar som inviterer til utforsking. Her kan små bilar køyre gjennom skogen, figurar flytte inn og nye historier ta form. Berre fantasien set grenser. Eit underlag som gir rom for både dei første små oppdagingane og fantasifull leik etter kvart som barnet veks. 

 

Laga for små og store

Vetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg. Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar.

Ho er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til litt tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet.

Produktinformasjon

Design Kvile: Jordspor på den eine sida og Skogsferd på den andre. 
Materiale: TPU (termoplastisk polyuretan).
Storleik: 200 × 140 cm. 
Bruksområde: Lekematte, babymatte, leikeunderlag og aktivitetsmatte.
Eigenskapar: Mjuk, dempande og komfortabel overflate. 
Vedlikehald: Tørkast enkelt av med ein fuktig klut. 

Forhåndssal. Levering i slutten av november.

Vetlomatte Kvile Stor
Vetlomatte Kvile Stor Salgspris2.150,00 kr