Hopp til innhold

Vetlo

Handlekurv

Handlekurven din er tom

Hald meg oppdatert

Vil du vera av dei fyrste som får vita når me har meir å fortelle?

 Lekematter laga for småbarnslivet. 

To-sidig design

EN-71 sertifisert

Trening og leik

Enkel å vaske

laga for livet på golvet

Småbarnslivet skjer på golvet. Magetrening, leik, kaffikoppar, yoga, hyttebygging og mykje kaos. 

Vetlomatta gjer heile familien ein mjuk og komfortabel plass å lande, laga av trygge materialar og eit design som passar inn i heimen.

Førehandssalet er åpent

Dette har me gleda oss skikkeleg til. No kan du endeleg bestille di Vetlomatte. Me gledar oss sånn til å sjå den flytte inn i heimane dykkar! 

Levering i slutten av november. 

Me ser deg

Nokon må jo vera dei trøytte og herja
 som får resten til å skina litt ekstra

- berrekristin

Eit produkt. To uttrykk

Snu matta etter kva kvardagen treng. Ei barnevennleg side inviterer til leik, medan ei interiørvennleg side fell naturleg inn i heimen

Spelelista til trøtte dagar

Når kaffien ikkje er nok

Ein gong var me ganske kule. Kule på festival. Kule på øyloffing i Indonesia. Backpackarar i Tibet. Me sov der det passa, dansa til langt på natt og drakk kaffien medan han framleis var varm.

Linn møtte mannen sin på ein bar i 2009, til I Gotta Feeling. Ingvild møtte Morten på bartenderkurs på Kreta i 2004, då Call on Me gjekk på repeat. Og no?

No er det kanskje meir matpakker, legoklossar under føtene, klesvask og ein kaffikopp som har blitt varma opp tre gonger. Men musikken er framleis der. 

Så me har laga ei speleliste til deg som treng litt ekstra energi i kvardagen. Set ho på medan du lagar frukost. I bilen på veg til barnehagen. Når ettermiddagen kjennest litt ekstra lang. Eller når heile familien treng å danse ut litt kaos på stovegolvet. Me håpar ho kan gi deg litt av den kjensla me hugsar frå før, berre i ein litt annan versjon.

Ingvild & Linn

Ofte stilte spørsmål