{"product_id":"vetlomatte-undring-stor","title":"Vetlomatte Undring Stor","description":"\u003cp dir=\"ltr\"\u003eFor små oppdagarar med store tankar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eUndring er ei mjuk, tosidig lekematte inspirert av nysgjerrigheit, fantasi og alle dei små eventyra som oppstår i leik. Når steinar blir skattar, skyer blir dyr og ei toglinje kan føre til heilt nye verdener.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eMed to ulike design får du ei lekematte som både inviterer til leik og passar fint inn i heimen. Snu lekematta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eSkogsferd\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003ePå den eine sida finn du Skogsferd, eit leikent landskap med svingete toglinjar, skog og detaljar som inviterer til utforsking. Her kan små bilar køyre gjennom skogen, figurar flytte inn og nye historier ta form. Berre fantasien set grenser. Eit underlag som gir rom for både dei første små oppdagingane og fantasifull leik etter kvart som barnet veks. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eSteinstrø\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eSnu matta, og du finn Steinstrø. Eit lyst og diskret mønster inspirert av små steinar og naturlege former. Dei mjuke fargetonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i stova, barnerommet eller andre rom der familien samlast.\u003cbr\u003eFor sjølv om leiken tek ein pause, treng ikkje matta å ryddast bort.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eLaga for små og store\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eVetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg. Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eHo er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til litt tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eProduktinformasjon \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eDesign: Undring – Skogsferd på den eine sida og Steinstrø på den andre. \u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eMateriale: TPU (termoplastisk polyuretan). \u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003e Storleik: 200 × 140 cm \u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eBruksområde: Lekematte, babymatte, leikeunderlag og aktivitetsmatte.\u003cbr\u003eEigenskapar: Mjuk, dempande og komfortabel overflate. \u003cbr\u003eVedlikehald: Tørkast enkelt av med ein fuktig klut. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cstrong\u003eForhåndssal. Levering i slutten av november.\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Vetlo","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67606646489219,"sku":"VET-D02-L","price":2150.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0620\/7982\/8099\/files\/Vetlo-35.jpg?v=1790458444","url":"https:\/\/vetlo.no\/products\/vetlomatte-undring-stor","provider":"Vetlo","version":"1.0","type":"link"}