{"product_id":"vetlomatte-lune-stor","title":"Vetlomatte Lune Stor","description":"\u003cp dir=\"ltr\"\u003eInspirert jord, stein og rolege naturtonar\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eLune er ei mjuk, tosidig lekematte for deg som ønskjer eit rolegare uttrykk i heimen.  Fargane er dempa, linjene mjuke og uttrykket enkelt, laga for å gli fint inn i stova, utan at matta kjennest som eit typisk barneprodukt. Snu matta etter kva dagen byr på, eller kva uttrykk du ønskjer i rommet.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eSteinstrø\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eEit lyst og diskret mønster inspirert av små steinar og naturlege former. Dei mjuke fargetonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i stova, barnerommet eller andre rom der familien samlast.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eJordspor\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003ePå den andre sida finn du Jordspor, eit roleg og organisk mønster inspirert av norsk landskap, bølgjande terreng og spora naturen set etter seg. Dei mjuke linjene og dempa jordtonane gir eit harmonisk uttrykk som glir fint inn i heimen.\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003e\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e \u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eLaga for små og store\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eVetlomatta er meir enn berre ei lekematte for barn. Den mjuke og dempande overflata gir ein komfortabel plass for magetid, krabbing, leik og dei første forsøka på å reise seg. Og når dei små blir større? Då er matta framleis ein fin plass for lesestunder, byggjeleikar og kvardagsaktivitetar. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eHo er like god for vaksne kne under leik på golvet, eller når du sjølv treng eit mjukt underlag til litt tøying eller trening. Ei matte som kan vere med familien gjennom fleire fasar av livet. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eProduktinformasjon \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003eDesign Lune. Steinstrø på den eine sida og Jordspor på den andre. \u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eMateriale: TPU (termoplastisk polyuretan). \u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eStorleik: 200 × 140 cm  \u003cbr\u003e\u003c\/span\u003e\u003cspan\u003eBruksområde: Lekematte, babymatte, leikeunderlag og aktivitetsmatte.\u003cbr\u003eEigenskapar: Mjuk, dempande og komfortabel overflate. \u003cbr\u003eVedlikehald: Tørkast enkelt av med ein fuktig klut. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp dir=\"ltr\"\u003e\u003cspan\u003e\u003cstrong\u003eForhåndssal. Levering i slutten av november.\u003c\/strong\u003e\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Vetlo","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67606508830851,"sku":"VET-D07-L","price":2150.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0620\/7982\/8099\/files\/Vetlo-26.jpg?v=1790623337","url":"https:\/\/vetlo.no\/products\/vetlomatte-lune-stor","provider":"Vetlo","version":"1.0","type":"link"}