
Så kjekt du stikk innom her!
Me gler oss veldig til å visa deg kva me heldt på med, og korleis våre lekematter kan gjere kvardagen din enklare og heimen din vakrare.
For er du kanskje lei av babymatter og lekematter som blir øydelagt eller utdatert etter kort tid? Ynskjer du ei lekematte som er trygg, varig, enkelt å reingjera, interiørvenleg og samlande for både små og store?
Me er to mødre, venninner og gründerar som saknar noko slikt, og har teke saka i eigne hender med skrekkblanda fryd.
Vil du vera av dei fyrste som får vita når me har meir å fortelle, meld deg gjerne på nyheitsbrev under.

Litt om oss
Team vetlo
Hei! Me er Ingvild og Linn, to småbarnsmødre som har overlevd fleire netter utan søvn enn me tør å telje, og som har funne ut at barn kjem med sitt eige sett av «interiørutfordringar». Mellom bleieskift, grautsøl og eit konstant behov for meir kaffe, fann me ut at me trengde litt orden i kaoset – eller i alle fall noko som kunne gi oss følelsen av det.
Med ein dose humor og ein god porsjon staheit har me kasta oss ut i livet som gründarar og småbarnsmødre, der sjølv dei beste planane blir avbrotne av ei eller anna akutt barnekrise (helst medan me prøver å vere produktive). Me elsker dei små augeblikka, men let oss vera ærlege – me set også pris på dei stille stundene etter leggetid, når me kan puste ut og berre vere… oss.
Vil du vita meir? Ta kontakt med oss då vel
Linn@vetlo.no
Ingvild@vetlo.no
Me vil gjerne få innspel frå deg
Di drøymeleikematte
Korleis ser di drøymematte ut? Fargar, størrelse og design?
Del dine tankar med oss, og bli med i trekninga om eit gratis produkt frå Vetlo
Litt om
VETLOMATTA
INTERIØRVENLEG
To-sidig design som kombinerer leik og estetikk. Passar perfekt inn i både stova og barnerommet.
Trygge materialer
Vetlomatta er laga av barnevenlege og miljøvenlege materialer. Trygt for barna, godt for planeten.
Enkel å rengjera
Væske,- og smussavvisande overflate som tåler kvardagens små uhell og er enkel å halde rein.
Våre samarbeidspartnarar




